24 terms

Forteljing

STUDY
PLAY

Terms in this set (...)

Tankereferat
Når du skriv du det éin eller fleire personar tenkjer og/eller føler. På denne måten kan du for eksempel få fram indre spenning i ei forteljing.
Handlingsreferat
Når du fortel du kva som skjer eller kva som har hendt.
Indirekte tale
Det vil seie å ta opp att med eigne ord noko andre seier eller har sagt.
Replikkar
Når vi gjev vi ordrett att det personar seier. Hugs hermeteikn eller tankestrek/replikkstrek ved direkte tale!
- Ja, det kan vi
- Nei
Skildring
Når du beskriv du for eksempel stader og personar. Hugs at du kan bruke fleire sansar når du gjer dette! I gode skildringar nyttar du ordklassane adjektiv, adverb og verb flittig.
Synsvinkel
Ein forfattar må velje kven det er som skal fortelje ei historie. Det kan vere forfattaren sjølv eller ein forteljar. Forteljaren er den som formidlar handlinga til lesaren.
1. persons synsvinkel
Når ein "Jeg-person" fortel historia.
3.persons synsvinkel
Når du brukar namnet på ein person og orda "han", "ho", "den", "det" eller dei.
Prosjektet
Er det som set handlinga i gong. Det kan vere ei oppgåve som må løysast eller noko som må gjerast.
Konflikt
Det er vanlegvis ei eller anna form for konflikt som dannar utgangspunktet for ei forteljing. Med konflikt meiner:

Ei motsetning mellom to eller fleire personar,
mellom ein person og samfunnet, ein
vanskeleg valsituasjon for ein eller fleire av personane.
Mål
Noko man vil oppnå (Få kjærast, pengar osv.)
Hindring
Noko eller nokon som prøver å stanse hovudpersonen.
Vendepunkt
Når spenninga er på topp og noko eventuelt forandrar seg.
Belønning
Noko man oppnår til slutt
Løysing
Etter vendepunktet har forteljinga ein kort slutt der forteljaren viser konflikten vert løyst.
Handlingsgang
Eit kort samandrag av handlinga.
Kronologisk
Når du skriv ein tekst, kan du velje å følgje tidslinja.
(frå byrjing til slutt).
In medias res
Viss du startar forteljinga midt i handlinga.
Retrospektiv
At deler av teksten gjev eit tilbakeblikk på noko som har hendt tidligare (startar med slutten og vender blikket bakover).
Utvida augneblink
Å skildre ei scene svært grundig. Det er vanleg å bruke fleire sansar, både syn, lukt og hørsel.
Frampeik
Eit verkemiddel som gir eit hint om noko som skal kome til å skje.
Indre spenning
Kva personar tekjer og føler, og korleis dei reagerer på kvarandre. Her kan du bruke tankereferat og replikkar.
Ytre spenning
Hendingane som skapar spenning. Det kan vere farlege situasjonar
Miljøskildringar
Når du skildrar stadar og personar. Til dømes eit skummelt hus, lydane i skogen, luktane og andre sanseinntrykk.

Flickr Creative Commons Images

Some images used in this set are licensed under the Creative Commons through Flickr.com.
Click to see the original works with their full license.